Tilpassing av protese
Det å få tilpassa og ta i bruk ein protese tar tid. Før det kan bli tatt mål til ein protese, må amputasjonsstumpen ha minst mogleg hevelse og vere godt forma. Det tar omtrent tre veker.
Protesetilpassinga blir gjort av ein ortopediingeniør tilknytt ein ortopedisk verkstad. Du står fritt til å velje kva verkstad du vil bruke.
Det er viktig at du bruker lineren rett før måltakinga, slik at målinga blir så reell som mogleg. Målet blir tatt anten ved skanning av stumpen eller gipsavstøyping. Ut frå dei måla som er tatt, blir det laga ein protese. Denne blir tilpassa og justert undervegs som du prøver den ut.
Så snart protesen er klar til bruk, startar gongtrening. Dette betyr balansetrening, gangtrening inne og ute, trening i trapp og trening med forskjellige hjelpemiddel. Det er viktig å ta det forsiktig i starten. Amputasjonsstumpen må venne seg til å tole belastninga. Dei første gongene held det med 10–15 minuttars gonge, slik at du unngår sår og irritasjon på amputasjonsstumpen. Etter kvart skal du bruke protesen lenger av gongen.
Gongmønsteret ditt vil endre seg etter kvart som du blir trygg med protesen, og det gjer at den får auka belastning og krev justering. Du vil ha jamleg kontakt med ortopedisk verkstad i denne perioden.
Det er også viktig at du blir vant til å bruke protesen når du sit. Pass på at du alltid har støtte under foten/hælen på protesen. Dersom du bruker rullestol, må du passe på at protesen kviler på fotstøtta. Start med å sitte med protesen på i 20–30 minutt og auke gradvis.
Stell av protese
- Protesehylsa blir dagleg tørka med ein fuktig klut. Dette er for å unngå skitt og bakteriar.
- Liner og strømper skal ikkje bli oppbevart i protesehylsa. Det kan føre til vekst av bakteriar.
- Unngå at protesen blir våt. Ikkje dusj eller bad med den på. Dersom protesen likevel skulle bli våt, så tar du av sko og strømper og tørker alle tinga kvar for seg.
Protese som ikkje passar
Protesen skal vere passe i størrelse. Den skal ikkje vere for stor eller for trong – det kan gi sår og blemmer. Amputasjonsstumpen endrar seg i størrelse over tid. Det første året endrar stumpen seg mykje, og det er derfor vanleg at du får laga fleire protesar.
Størrelsen på stumpen kan også variere noko i løpet av dagen, og generelle vektforandringar kan påverke størrelsen på amputasjonsstumpen. Dersom protesen er for stor, kan du prøve å bruke ein tjukkare stumpsokk eller bruke to sokkar. Kor mange sokkar du har behov for, kan variere gjennom dagen. Dersom du treng meir enn tre tjukke stumpsokkar, er det på tide å justere protesen. Ta då kontakt med ortopedisk verkstad.
Dersom protesen er for trong, kan du prøve å ha på berre liner og sitte med beinet heva ei stund. Så tar du på protesen igjen. Dersom protesen framleis ikkje passar, skal du ikkje bruke den.
Det finst ulike slags protesar og ulike slags festemetodar. Det finst også protesar som passar til høghæla sko. Kva som passar deg, og kva moglegheiter som finst, kan du diskutere med ein ortopediingeniør.
Skotøy
Vi anbefaler at du vel sko som er stødige og sit godt på foten. Det er viktig både for bruken av protese og for den attverande foten. For mjuke sko kan føre til at du blir meir ustabil, og for harde sko kan gi deg ei hakkete gonge.
For den attverande foten er det viktig at skoa ikkje gir deg gnagsår. Dette er spesielt viktig for deg som har diabetes, for å unngå fotsår.
Hælhøgda på skoa bør vere omtrent den høgda du brukte då du fekk tilpassa protesen.