Amming
Overgang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT sjølv om du ammar.
CT er en røntgenundersøkelse der vi tar tverrsnittbilder av områder i kroppen ved hjelp av røntgenstråler.
CT-undersøkelse er blant annet nyttig for å:
CT-undersøkelser har ulike navn avhengig av hvilken del av kroppen som skal undersøkes.
For å få behandling i spesialisthelsetenesta treng du tilvising. Fastlegen er den som oftast tilviser. I nokre tilfelle kan anna helsepersonell tilvise deg, til dømes til biletundersøkingar (MR, CT eller røntgen). Når vi har fått tilvisinga, vil du få svar på om du har rett til behandling i spesialisthelsetenesta.
1 klinisk studie er åpen for rekruttering. Sammen med legen din kan du vurdere om en klinisk studie er aktuell for deg.
Se flere kliniske studierOvergang av kontrastmiddel til morsmelk er minimal, og du kan ta CT sjølv om du ammar.
Korleis undersøkinga blir utført vil variere ut frå kva som skal undersøkjast.
Som regel tar undersøkinga mellom 10 – 30 minutt. Sjølve bilettakinga tek berre nokre få minutt.
Under undersøkinga ligg du på ein motorisert benk, som flyttar deg gjennom den korte opninga av CT-maskina. Når bileta blir tekne, beveger benken på seg. Det er heilt avgjerande for biletkvaliteten at du ligg i ro under heile undersøkinga. Ved nokre undersøkingar blir du bede om å halde pusten i nokre sekund når bileta blir tatt. Dette for å unngå unødige bevegelsar i lunge- og mageregionen. Undersøkinga er smertefri.
Personalet går ut av undersøkingsrommet når bileta blir tekne. Dei kan sjå deg gjennom eit vindauge, og høyre deg gjennom ein mikrofon i maskina.
Når kontrasten passerer gjennom dei aktuelle organa i kroppen, blir det tatt bilete i serie av dei ulike organa. Når kontrastvæska blir gitt er det vanleg å få ei varmekjensle i kroppen, men denne kjensla forsvinn etter kort tid.
Ved CT-undersøking der kontrast er gitt intravenøst, ber vi deg vente på avdelinga i 30 minutt etter at kontrasten blei sett inn. Vi tar ut venekanylen etter ventetida.
Bilda blir granska av ein radiolog (røntgenlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bilda viser. Kunstig intelligens kan brukast som hjelpemiddel både under bildedanning og ved gransking.
Rapporten blir send til den som tilviste deg. Bilda og rapporten blir lagra i journalsystemet vårt.
Når og korleis du får resultatet av røntgenundersøkinga avheng av behandlingsstad.
Normalt sett er det svært liten risiko knytt til denne undersøkinga. CT-undersøkinga inneber røntgenstrålar og undersøkingane skal vere tilpassa slik at stråledosen er så låg som mogleg.
I svært sjeldne tilfelle kan enkelte få eit kløande utslett på kroppen opptil ei veke etter å ha fått kontrast. Kjøp i så tilfelle reseptfri allergimedisin, eventuelt kontakt fastlegen din.
Røntgenkontrast gir svært sjeldan alvorlege allergiliknande reaksjonar.
Ventetid: 8 uker
Kontakt Radiologi og nukleærmedisinsk avdelingRadiologi og nukleærmedisinsk avdeling tilbyr undersøkelser i Tønsberg og Larvik. Oppmøtested fremkommer av innkallingsbrevet.

Halfdan Wilhelmsens allé 17
3116 Tønsberg