I forkant av operasjonen blir du innkalla til førebuingar på poliklinikken. Her får du snakka med lege/operatør og eventuelt stomisykepleier. Nokre pasientar skal også gjennomføra rektoskopi og/eller koloskopi eller andre undersøkingar. Rektoskopi er ei undersøking av endetarmen, og koloskopi undersøkjer heile tjukktarmen. Er dette aktuelt for deg, vil det stå meir om dette i innkallinga. Det er ein sjukepleiar til stades under undersøkinga. Det er også fleire sjukehus som tilbyr samtale med fysioterapeut og ernæringsfysiolog i forkant av operasjonen.
Stomi
Dersom operasjonen medfører at du får stomi, tilbyr nokre sjukehus samtale med stomisykepleier eller annan erfaren sjukepleiar. Du vil då få meir detaljert informasjon om mellom anna korleis ein stomi blir laga, korleis han fungerer, og korleis det kan vera å leva med han. Me markerer kor stomien skal plasserast på magen, i forhold til klede og kroppsfasong.
Planlegging av tida etter operasjonen/når du kjem heim
Det kan ta tid å komma seg etter ein større operasjon og det er derfor lurt å tenkja gjennom kva behov og moglegheiter du har for å få hjelp når du kjem heim. Dersom det i løpet av sjukehusopphaldet blir behov for heimetenester eller rehabilitering, hjelper me deg med å søkja om dette. Viss du har heimetenester frå før, bør du gi beskjed om når du skal opererast.
Blodfortynnande medisin/ faste medisinar
Om du bruker blodfortynnande medisinar får du informasjon om kva du skal gjera. For å førebyggja blodpropp får dei fleste pasientar ei blodfortynnande sprøyte i underhuda på magen kvelden før operasjonen. Dette held du fram med i 4 veker etter operasjonen. Anestesilegen informerer deg om kva medisinar du skal ta på operasjonsdagen.
Tarmtømming i forkant av operasjon
I nokre tilfelle skal du tømma tarmen før operasjonen. Viss dette gjeld deg får du beskjed før operasjonen.
Ernæring
Kvelden før operasjon bør du nyta næringsdrikke. På operasjonsdagen bør du drikka 400 ml med næringsdrikke før kl 06.00 om morgonen. Næringsdrikkene skal ikkje innehalda mjølkeprodukt. Har du diabetes, må du drikka sukkerfrie næringsdrikker.
Faste
Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.
De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.
Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før
Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om.
Røyking og alkohol
Røyking gir betydeleg auka risiko for komplikasjonar etter operasjonen. Mellom anna vil røyking forseinka sårtilhelingen. Viss du røykjer, bør du slutta eller kjøpa røykjeplaster eller eit anna nikotinprodukt for bruk i tida rundt operasjonen. Også dagleg inntak av alkohol gir auka risiko.
Sjukdom før operasjonen
Dersom du blir sjuk før operasjon, ta kontakt med avdelinga du skal leggjast inn på. Dette gjeld også viss du blir forkjølt, er tett i nasen eller brystet. Då kan det henda operasjonen din må utsetjast.
Du må berekna liggjetid på sjukehuset i 3 - 7 dagar etter operasjonen.